tirsdag 26. oktober 2010

Sjå den nye videolinja mi!

Eg har fått meg videolinje. Heilt nedst på sida finn de ei stutt linje med 4 videoar, og alle er med Odd Nordstoga.


Så det er vel berre å innrømme det: Eg er skåptelemarking. Far min hadde røter i Sauherad heilt tilbake på 1600-talet, og slikt kjem ein ikkje umerka frå. Eg er rett og slett stolt av det. Så når mentoren min har lært meg korleis eg kan lime inn videoane i innlegga mine, ja då kjem det nok meir musikk med han Odd. I mellomtida får de ta til takke med desse fire fyrste

3 kommentarer:

  1. Likar! Gler meg til konsert "heime" hjå Ødd her i Vinje no til laurdag :) Reknar med mange av dei nye låtane, for lengst forelska i tivoliet. Høyrt noko så nydeleg og trist? Kan eg tinge den som neste video i bloggen din?

    SvarSlett
  2. No er tivoliet over... Noko av det sterkaste eg har høyrt. Eg synest heile den CD'en er utruleg. Har han i bilen. Men fyrst må eg lære meg korleis eg skal klistre inn ein og ein video frå youtube. Så skal det bli musikk!

    SvarSlett