torsdag 21. oktober 2010

Telefonkiosken til Gardermoen!


Føljetongen kring den einsame telefonkiosken i Norheimsund held fram. Telenor har kasta seg over saka og nøsta seg fram til samanhengen:

Denne kiosken var (som alle kan forstå) ikkje omfatta av den vedtekne verneplanen for dei raude telefonkioskane. Difor vart den vedteken skrota. Avdi det ikkje fanst tydelege reglar for korleis slik avhending skulle gå føre seg, vart kiosken gjeven til ein privatperson av det firmaet som i si tid skulle køyre han til skroting. Denne helga vart han selt vidare til ein person på Gardermoen.

Gardermoen! Er kiosken i ferd med å ta av? I alle høve må vi tru at nokon har tenkt å ta vare på han for framtida. Det er jo storveges! Om nokon skulle komme til å få auge på han under neste landing, så meld frå!

Takk til Telenor og Telemuseet som snudde seg rundt og fann ut av saka!

1 kommentar:

  1. Flott at saken ordnet seg! Det hjelper tydeligvis å blogge!

    SvarSlett