onsdag 13. oktober 2010

Kven berger telefonkiosken i Norheimsund?


"Alle" kjenner telefonkiosken "Riks", teikna av arkitekten Georg Fredrik Fasting i 1932. Det er likevel sjeldan å sjå ein så forfallen som denne. Eg kom over han ved Steinsdalsfossen i Norheimsund i helga. Tom og ribba, rutene er knuste, telefonapparatet teke ut og rusten har begynt å boble ut av de raudmåla stålplatene. Men enno kan han reddast!

For få år sidan vart Riksantikvaren og Telenor samde om å redde 100 av dei attverande 420 raude telefonkioskane. Denne er tydelegvis ikkje blant desse. Kven tek initiativet til å redde dette lille funksjonalistiske kunstverket? Hardanger og Voss museum? Telemuseet? Lokale eldsjelar? Kanhende må vi plassere han på Norsk Folkemuseum, ved sida av Hardangertunet? Kanhende er det andre museum som er interesserte?

Trå til før det er for seint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar