tirsdag 21. desember 2010

Vintersolkverv

Foto: Olav Aaraas

I dag - 21. desember - snudde sola, og no går det mot lysare tider. I år var me attpåtil så heldige at me fekk med oss ei måneformørking samstundes. Hadde det vore for eit par hundre år sidan, hadde dei nok teke det som eit teikn på at skumle ting var i gjære. Det var nemleg noko mystisk med vintersolkverv. Brynjulf Alver skriv i boka si Dag og merke (Universitetsforlaget, 1970) om desse førestellingane.



På same vis som med Sankthansaften, trudde ein mange stader i landet at noko skjedde i den augneblinken når sola snudde. Då ville alt som sat fast verta laust: Dyr som hadde gått seg fast i fjellet, jordfaste steinar eller horna på kyrne i fjøset.

Nokre stader meinte ein at det var fårleg å arbeide med ting som gjekk rundt denne dagen. Til dømes måtte ein ikkje spinne. Ein måtte også vere ferdig med ølbrygginga til jol. Når ølet gjæra, gjekk det rundt i karet medsols. Når sola snudde, ville ølet også snu og gå motsøls. Då ville det bli dårleg og komme ut gjennom både nase og munn, heiter det i ei nedteikning. I Vestfold heiter det at vedskjolet måtte vere fullt til den dagen. Var dei kkje ferdige då, kom Tomas og skeit på hoggestabben.

Eigentleg kan ein vel sjå desse påboda som ei folkeleg påminning om at ein no burde vere ferdig med alle førebuingar til jol, men fleire stader var det nett på denne dagen ein skulle brygga. 21. desember var Tomasmess festen for apostelen Tomas, den vantru Tomas som døydde som martyr i år 67. Etter han fekk dagen også namnet Tomas fulltønne, Tomas bryggjar eller Tomas i solhvervene.

Den dagen sola snudde kunne ein og venta seg veromslag. Det hadde vel vore noko i desse kalde tidene! Elles heiter det mange stader at fint ver denne dagen var merke for eit godt år, og at slik ville også vinteren verta. Ikkje godt å vite kva ein skal tru på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar