onsdag 28. desember 2011

Du kan godt få hjartet mitt...

Denne jula er vorten ei Sunnmørsjul for meg. Me sit kveld etter kveld og druknar oss i vakre bilete av hav og øyer, unge skodespelarar som overgår alt me har sett til no i norsk barne-tv og lev oss inn i ei forteljing so fylt med hjartevarme og livsvisdom, so fri for utanpåklistra fjas at det er ei lise for sjela. Etter dette fer vaffelhjarta ein ny dimensjon for meg. Orkar knapt eta dei...

Sjølvsagt har Odd Nordstoga løfta denne forteljinga enno eit hakk med den vakre musikken sin, og me fer del i ein heilstøypt produksjon der alt verkar saman til ei nær og varm oppleving. Det er eit ljos der ute...



Då er det klårt at tankane mine går til dykk på musea på Sunnmøre, og særleg til Ivar Gunnar og til mentoren min, Frøydis som leidde meg inn i bloggverda for eit års tid sida. Livet er fylt av stormkast og uventa hendingar, anten dei heiter Dagmar, Berit eller andre ting. Det viktigaste er at me er saman. De kan godt få hjartet mitt.

2 kommentarer:

  1. Er så enig, så enig. Summen av Maria Parr si hjartevarme, humoristiske og kloke fortelling, musikken og regien, skodespelarane og naturen: Det rører hjarta til store og små! Autensitet til tusen og tilbake:-)

    SvarSlett
  2. Takk for god tilbakemelding, Marit. Og eit godt nyttår til deg med lukke og hell for den viktige verksemda eg ser du driv på Haram. Det er so viktig, og det er så få her inne som skjønar kor mykje som hender rundt om i landet. Stå på!

    SvarSlett