lørdag 25. juni 2011

Oddsok på Folkemuseet



Meir enn 2000 menneske fann vegen til Folkemuseet på Sankthansaften, sjølv om været såg ganske så uvisst ut tidleg på ettermiddagen. Det vart ein stor kveld! Ved sekstida sprakk skydekket og sola varma dei frammøtte så dei vaksne kasta jakkene og dei yngste plaska og bada i det store bassenget på festplassen. Det siste er alt vorte ein sankthanstradisjon på Folkemuseet, men har ikkje alltid verka like freistande på iskalde jonsokkveldar med striregn og 10 varmegradar! I år vart det reine sydenturen...

På scena på festplassen sto artistane fram på rekkje og rad: Skrimmel Skrammel, Moving Day, Karoline Frogner og ikkje minst Odd Nordstoga. Han spela så ungane dansa og foreldra gret og kvelden vart sein og gyllen. Frå han opna showet med "Lykkeliten" og "November" hadde han publikum med seg, og han slapp ikkje unna utan ekstranummer. Olsok vart Oddsok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar